Frå bilvindauge på andre sida av gata ser eg eit kjent ansikt. Det lyser opp. Gjenkjenning. Har møtt det mennesket tidlegare. Eg veit ein lite prikk, eit lite vinduaga inn i eit anna menneske si verd. For vi var tett på kvarande ein periode i livet. Ein epoke i livets kapittel. Det er noko det og. Vi har delt opplevingar saman, vi har snakka om laust og fast, vi har sett kvarandre sine vonde og gode dagar.

Og neste gong vi møtes, får eg ny kunnskap om dette menneske slik at gluggen opnar seg og vert endå større. Er det ikkje herleg korleis små nøkkelhol kan opne seg til vidopne vindauge? Det er ei god oppleving å sjå eit menneske i utvikling. Eller utforske eit nytt medmenneske som kryssar vegen, og slik kan ein jakte etter nye bilde. Kunsten er å sjå kvarandre uansett tid og stad. Ingen er for små til å bli sett.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.