Vi ser Moder Jord blomstar og trives i denne pandemi kvileperiode. Med reinare luft og frodigare natur. Kanskje tida er inne for å verdsette henne no. Vi veit inderleg vel at vi har dreve rovdrift på jorda sine ressursar og at ho er blitt utarma og misbrukt i mange år.

Vi har latt oss leia av dårlege krefter til å forsyne oss av ressursane langt utover det ho kan reprodusere. Lagt oss til stort forbruk av ting og tang, og blitt grådige. Og det kan fort koste meir enn det smakar. Vi har utrydda dyrearter og hogd ned skog og øydelagt naturen og biomangfaldet. Vi er blitt hjernevaska til å tru at vi sparer så mykje på å kjøpe nytt og kjøper nytt fordi det er for dyrt å reparere. Det er faktisk unaturleg og strider mot all sunn fornuft å berre kaste utan å reparere. Kjøper ny telefon fordi Apple snike inn programmering i nye oppdateringar som gir den gamle versjonen lavare kapasitet og tregare respons. Eller produserer vaskemaskin av dårlege kvalitet for å få kort levetid og auka omsetning. For ikkje å snakke om alle tekniske småting og elektriske dingsar som berre vert kasta. Eller ting og tang som er frakta over sju hav fordi det er for dyrt å produsere her heime. Medan jorda gret over misbruket av alle ressursane som går til spille. Det har vore vanleg å kaste mat over ein lav sko. Halvspiste hamburgerer eller matrestar på ein overflylt tallerken. Og  overflod av fersk mat i kjøleskapet går rett i bosset. Kunsten er å gå tilbake til det naturlege og vera takknemlig for og ta vare på maten som jorda produserer. Og vise respekt for naturen.

Konsekvensane av forbrukar samfunnet er manko i ressurs balansen. Derfor er kunsten å bare bruke det vi trenger. For det er meir enn nok. Og finne tilbake balansen mellom menneske og jorda vår. Vi er kome til jorda for å forvalt jorda sine ressursar, ikkje herske over den. Kunsten er å vera takknemlig for gåvene frå Moder Jord.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.