Korona har ført oss inn i eit nytt rom. Ein inngang til nye tider. Den døra vi kom inn er lukka for alltid, det er ingen veg tilbake fordi endringa er permanent. Utgangsdøra ligg framfor oss og vil føre oss inn i noko nytt.

Men foreløpig er vi i dette inngangsrommet eller venterommet til nye tider og lurer med spenning på kva som vil skje framover. Ingen har svaret. I mellomtida medan vi ventar gjere vi oss klar med å omstrukturere kroppen slik at den kan fungere i dei nye tidene. Ein transformasjon både fysisk og psykisk. Og gir slepp på gamle måtar å gjere ting på. Fjerne gamle vedheng og unotar vi har dratt med frå barnsbein av. Få orden på ego-et og plassere denne hissigproppen og stabeistet der han høyrer heime. Og reinske nervesystemet slik at kjenslene flyte tvers gjennom. For mange starta denne transformasjons prosessen for mange år sidan, og det gir gode frukter no. Alt legg seg til rette og intuisjonen er kartlesar på reisa. Er bevisst synkronitetar som skjer og ting dukkar opp når ein treng det. Medan andre har sprunge rundt i hamsterhjulet og hengt som ei marionett i livet og vart nesten sundslegen av stress og tankar. Då er lærekurva litt brattare, men kunsten er å støtte seg på dei som har gått framføre så går det fortare. Vi er alle i same venterom. Eit hjarterom som gjer oss klar til å leve med nye lette vibrasjonar. Krystal klart.

Framtida er ukjent. Det einaste vi veit er at vi alle er på same veg og går i den same retning. Og trekke mot noko større enn oss sjølv. Kunsten er å gi slepp på det gamle og stole på livet. Saman kan vi skape ein ny verden med hjartevarme. Kunsten er å opne hjarta slik at vi i framtida kan navigere med hjarta. Hjartevegen er den einaste vegen.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.