Alle inntrykk skaper eit uttrykk. Vi ser ein open og leande kropp eller den er forknytt og hard. Alt formar seg ut enten bevisst eller ubevisst.

Når kjensla bankar på så har den noko på hjarta. Men mange stenger av og fornekte det som rører seg på innsida. Skyve bort det ubehagelige og loggar av kontakten til kjensla. Og den blir nedtrykt og trist og ulmar i djupet. For kjensle energien forsvinn ikkje, den berre omformar seg og finn eit anna uttrykk. Kapslar seg inne. Som ein propp i systemet. Der vatnet strøymer fritt og klukkande i opne kanalar, gir det tunge og triste sinn når det stoppar opp. Og til meir ein fortrenger til fleire fortettingar. Kunsten er å reinske opp i faststivna mønster for å finne den naturlege uttrykksforma. For nedtrykte kjensler er ei tung ballast å drasse på. Dei set seg fysisk fast i kroppen som stive musklar og verkebyllar og hindrar kroppen å uttrykke seg levande. Det emosjonelle er ein muskel som treng trening. Kunsten er å gråte ut eller sveitte ut eller danse ut eller puste ut alle inntrykk. Og bruke orda til å uttrykke den djupe kjensla. Slik at fastgrodde emosjonelle spenningar kan forløyse seg og omforma nye uttrykk som gir rom til gleda.

Kunsten er å få ting til å flyte fritt og vera bevisst uttrykksforma til kjensleenergien. Det er lett å få auga på dei som har rista liv i indre stemningar og har jobba seg gjennom smerte og sorg og raseri og motstand slik at det er fri flyt i systemet. Kjenslene renn flytande gjennom når dei har kontakt med hjarta og lyttar til hjartebanken. Og skaper mjuke menneske.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.