Vi er alle unike. Vi er ulike. Både på utsida og innsida. Men vi blir slusa inn i store samfunnssystem og liknar meir og meir på kvarandre. Vi forsvinn i den store mengda av menneske som blir avslipt og avrunda for å passe inn.
Og slik skal det kanskje vera for å fungere saman og lære spelereglar. Men nyansane er liksom viska bort. Eg tok bussen til Oslo, og på turen langs sørkysten var vi innom mange tettbygde stader. Det slo meg var at dei var akkurat like med eit AMFI eller ein handelsenter i midten fylt opp med same butikkjeder og butikkar. Vi kjøper same kler og like ting og glir inn i den grå massen. Lik ein pudding der alle formast i same forma, og vi flyte oppi den og størknar saman med alle andre. Men menneska er byrja å vakne til liv. Det er fleire og fleire som lar sin unike eigenskapar sjå dagens lys. Menneske som dyrkar særinteresser og finn fridom med å gå eigne vegar. Eller seier det dei meiner og meiner det dei seier. Og fell utanfor boksen og fastlagte rammer. Er autentisk med seg sjølv og set ord på sin hjartelyst. Det er lett å bli oppslukt av kvardagsting og flyte med i den grå massen, farga av andre. Men krydderet i livet er å identifisere sin indre identitet, og leve fullt og heilt i tråd med seg sjølv. Kunsten er å sleppe ut vårt innarste vesen og følgje lidenskapen. Å leve ut det unike er ein genistrek.
Vi har alle fått ei naturgåve ved fødselen. Ei nådegåve. Noko vi er spesielt gode på. Kunsten er å avdekke dette og gjere den synleg. Slik eit blomsterbed med blomar i alle regnbogens fargar saman kan skape eit vakkert mangfald. Vi har kvar våre unike sko å fylle. Ingen passar inn i andre sine sko.