«Trussystem» er både abstrakt og vanskeleg å forstå. Men ordet har ingenting med religion å gjere. Det er ei tru vi spinne opp. Ofte nedarva gjennom generasjonar. Og det ligg lagra usynleg ein stad i menneskesinnet og blir bitte litt forsterka kvar gong ord eller handling bekrefte det.
Heile verda har no vore vitne til det amerikanske politiet sitt trussystem. Dei trur dei kan myrde ein svart person utan at det får konsekvensar. Ja historia viser at det er ein sjølvoppfyllande profeti. Når ein politimann kan drepe eit menneske i full offentlegheit dokumentert på video, så viser det kor trygg politimannen er på å sleppe straff. Rasisme er eit etablert trussystem som sit djupt. Men rett kan det aldri bli. Vi lagar også personlege trussystem om oss sjølv, korleis vi er og korleis vi ser ut og kva vi kan gjere og ikkje gjere. Tenåringane slit med dårleg sjølvtillit til eigen kropp, og får bekrefta si indre tru berre ved å logge på ein skjerm. Ei tru som kan presse ned til null verdi. Eller eit lite barn blir fortald han er ein dum idiot, og når mange nok seier det så byrjar barnet å skape eit mentalt bilde av dette. Og det kan sitje godt fast gjennom livet.
Trussystem flette seg saman og infiltrerer både veremåte og samfunn. Å forløyse mentale sperrer kan gi nye vendinger i livet. Det er gode tider no for å stille grunnleggande spørsmål kven vi er og kven vi vil vera. Å gi slepp på gamle vedheng og illusjonar gir rom til å løfte seg opp og bli fri. Kunsten er å gi slepp på inngrodde trussystem.