Det nappa friskt i fiskesnøret. Djupt der nede beit ein kjempefisk på – trudde eg. Men når snøre kom opp var storfisken borte. Det handfaste beviset på fisken mangla, men ingen kan ta frå meg trua på at det nappa. Fordi eg trur det eg opplevde. Og det kan vera sant fordi om det mangla bevis.

Vi trur på handfaste bevis som vi ser med det blotte auga eller kjenne med hendene. Og vi set vår lit til vitskapleg forsking fordi om vi ikkje skjønar den matematisk utleiinga eller den intellektuelle forklaringa bak. Vi testar det heller ut i praksis og ser om det fungerer. Mi personlege erfaring med stokastiske modellar er at fleire ukjent faktorar gjer det vanskeleg for den menneskelege hjerne å etterprøve resultatet. Derfor bruker ein sunn fornuft for å justere utfallsrommet. Banebrytande forsking basert på testresultat manglar eg kunnskap om, men eg vil jo tru at det har større spennvidde og fridom. Nye oppdagingar kan og dukke opp intuitivt når hjernen har anna frekvens eller i draumen slik Albert Einstein opplevde. Og kor desse ideane kjem frå er jo svært interessant, men det blir ein digresjon i denne bloggen. Statistiske analysar er enkle og gir med letthet det resultatet ein ønskjer, det som kjem ut er avhengig av det ein puttar inn. Eg har registrert at statistikk blir omtala som forsking. Det er sikkert greitt, men min personlege definisjon av forsking er djupare og vidare og basert på større fridom. Men eg ser spelet. Berre ordet forsking frå folk til å legge seg flate fordi det er håplaust å motsei i vårt samfunn. Det vert tredd ned over hovudet på vanlege folk som godtar og aksepterer. Utan diskusjon.

No har data teknologien flytta verda frå det fysisk handfaste til det usynlege og ført oss inn i den virtuelle verden. Gamle teoriar og etablerte sanningar byrjar å miste fotfeste. Eg trur alt har ei fysisk forklaring, men metafysikken har enno ingen velkjente formlar og teoriar. Menneske sitt utvikling stadium i dag er rett og slett for snever. Kunsten er å utvide bevisstheten slik at vi kan opne nye dører til det unaturlege og overnaturlege. Ting kan faktisk vera sant fordi om det manglar dokumentert forsking. Derfor kan ingen ta frå meg trua på at fisken nappa i snøret fordi om den aldri kom til overflata som eit synleg bevis.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.