Mange trur at data og bakgrunnsstoff og statistikk beviser kva som er rett, og måler det eine opp mot det andre for å finne logikken og trekke ut sanninga. Alle trur på bevis. Men dette har ingenting med tru å gjere fordi det er berre fakta og ei stadfesting. Å tru er å akseptere at noko er sant utan bevis.
Kunsten er å tru på det usynlege og det ein ikkje ser. Men det er mange som har eit trongsynt bilde av livet, og berre trur på det som er muleg å bevise og føre logiske argument for. Det verkar så fattig og lite. Det er så stusseleg å lukke seg inne i små tronge rom, og berre legge ei rasjonell forståing til grunn. Som grunnmur i livet. Eg har alltid lurt på kvifor nokon stivheld på fakta og logisk forståing og fysisk forklaring av livet, når livet er proppfullt av teikn og symbol og tilfeldige hendingar og uforklarlege hendingar og usynlege bevis på at det er noko større enn menneske som driver naturen og utviklinga utover. Eit snevert blikk på livet gjer livet trongt og smått. Når grunnmuren er bygd på noko større, så vert omfanget utvida. Slik at eit stort bilde kan teikne seg. Og gjer det lettare å opne opp for det ukjente og ta imot mangfaldet som livet tilbyr.
Kunsten er å tru at livet er større enn det ein ser. Det er ikkje nok å håpe på det, men tru det. Då trur ein heilhjarta der all tvil er fjerna. Ein skriv på ein måte ein kontrakt med si eiga tru slik at det blir mykje sterkare enn eit håp. Dersom trua manglar kan livet aldri bli større enn eit lite bilde.