Samfunnet lide av mange travle menneske utan omsorg for kvarandre. Alle har fullpakka program. Og fulle dagar rullar av garde i heseblesande fart.
Medmenneske vert oversett. Ein gløymer rett og slett andre når det er for travel, for ein er så opptatt med sitt eige liv og prestere og klare å gjennomføre og ta ansvar og fullføre alle planar som ligg feste fast framover mot horisonten. Det er ikkje rom for meir. Ein er så fullstappa av dagleglivet at viktige hendingar blir oversett. Ein går omvegar rundt for å sleppe og ta inn over seg at nokon treng ein klem eller litt trøyst. Seinare ein gong, men ikkje i dag. I dag er det er for mykje som ligg på bordet og ventar.
Solskinsvêret utanfor veks og utvidar seg før det fell til ro i den mørke kappa om kvelden. Men travle menneske ser ikkje ut, sola berre listar seg forsiktig forbi utan å bli registrert. Det beste i livet renn bort. Nære menneska tett på kan vera vanskeleg å sjå. Men kor viktig må det vera før ein stoppar opp og ser seg rundt? Slik at andre får plass i den mentale sfæren og kjem inn i dagen. Må nokon døy før ein reagerer og ser kva ein oversåg i hamsterhjulet? Kunsten er å stoppe i tide.