Livet er naturlege endringar som sakte glir over i noko anna. Kuldegrader transformerer flytande vatn til hard fast is eller fordampar det til luft når det kokar opp. Ei reise mellom fast form, flytande og gass. Slik kroppen endrar seg gjennom livet frå barnsleg forstand til moden forståing. Alt er endring.
Men midt i livet gror mange fast i vante former. Den naturlege endrings prosessen stoppar opp med fastlåste fornuftige tankar og bevisstlause handlingar. Og gamle levevaner. Eit stivbeint sinn manglar fleksibilitet og flyt ikkje med i tida. Vi går i blinde og er blenda av dagleglivet. Og finn ikkje meining i det som før gav meining. Det er blitt for trongt. Krabben veks ut av skalet sitt etter kvart som den utvidar seg. Elles ville det ikkje vore rom nok til den sjølv. Slangen skiftar skin, og vrir seg langsamt ut av det gamle og legge det bak seg for å visne og bli oppløyst. Kunsten er å bli romslegare og steg for steg bringe endring inn i det daglege livet slik at det gradvis transformerer seg over til noko nytt.
Kunsten er å vera velvillig og ta ansvar for si eiga endring. Det krev vilje og innsats for å lukkast. Vi brukar mange år på å lære å gå og lese og få ei utdanning. Alt tar tid og øving gjer meister. Vi transformerer oss om slik andre levande vesen gjer. Fuglen hakker seg forsiktig ut av eggeskalet og dukke opp med ny ham. Den er fri, fri, fri! Det er dette som ventar. Ein ny lealaus fridom. Ei heil verd opnar seg opp for alle som er villig til å fjerne gamle egoistiske grenser og bli transformert om til noko nytt. Kunsten er å gi det lov å skje.