Sidan tidenes morgon har menneske leita etter kven ein er og etter mål og meining med livet. Og det er lenge sidan tidenes morgon og spørsmåla er dei same i dag som dei var den gongen. På tross av alle oppdagingar gjennom tidene og teknologiske nyvinningar og meir kunnskap, og Sokrates og Descartes og Kant og gudane veit kva dei seier alle desse djupe filosofane. Det er mykje klokt som er lagt fram i dagen, men likevel så lever dei store hengjande spørsmåla vidare. Ofte utan gode svar. Kanskje ein ikkje kan finne svara på utsida i samfunnet, men må erfare dei sjølv. For både fornuft og hjerne og intelligens er for små, til det store.

Menneske er undrande søkjande skapningar, og dei store spørsmåla kjem ofte frå dei minste munnane. Dei små barna som enno har litt luft under vengjene og ikkje er blitt hjernevaska og sløva ned i samfunnet vi opplever. Men kvifor er det så vanskeleg å svare på dei enklaste spørsmåla? Dei som er fundamentet i sjølve livet? Det er kanskje naturleg at svar manglar, for dersom mystikken i livet forsvinn så treng vi kanskje ikkje gå i to sko her på jorda.

Og det som fasinerer er barnet som spør om det umulege, og får eit «god-dag-mann- økseskaft» svar og går så tilfreds vidare og er fornøgd med svaret det fekk. Og fortsett å undre seg på andre ting. Kanskje dei store spørsmåla i grunn ikkje treng noko svar. Det er nok å vite at eg er. Berre er. Og til meir ein berre er og finn sjelefred med seg sjølv, til fleire svar fell på plass. Heilt av seg sjølv – heilt naturleg.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.