Vi ser tårene sprett når idrettsutøvaren etter mykje slit og store draumar står på toppen av pallen. Takksemd og audmjuke tankar rører seg på innsida og forløyser seg til utsida. Og pressar seg ut gjennom tårer som sit laust.

Vi har alle tårer som sit laust. Dei overmanne store kjensler som dukkar uventa opp. Det er så mange rørande ting som utløyser gode tårer. Ein varm glød av takksemd for at ting gjekk bra eller synet av vakkert stille landskap eller medkjensle til eit anna menneske eller eit godt ord frå ein framande kant eller ein klar visdom som slår ned i hjarta. Men vonde opplevingar kan og dukke opp. Eit sår i kroppen og ei undertrykt kjensle som har ulma djupt i botn. Eller ei sorg som treng litt dagslys for at gleda skal bli ennå større. Tårer pressar på og brøyter veg utover og nedover og forløyser ei spenning på innsida. Ei utløysing. Små klare blanke dråpar reinska og frigjer. Lause tårer tørkar ganske fort fordi dei berre lettar trykket på innsida. Og når trykket har letta kjem freden sigande inn i kropp og sjel.  Vi treng alle ei forløysing i ny og ne.

Kunsten er å la tårene strøyme ut og gjere underverk.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.