Tankar strøymer tilfeldig og kontinuerleg gjennom hovudet. Ein virvlande tankestraum. Som ei fossande stridig elv driv forbi. Krefter drar nedover, utover og oppover og spreier bevisstheten i alle retningar. Rastlause tankar lagar straumen i elva. Medan eit stille vatn bærer roen i seg og havflata kviler.
I den indre dialog med seg sjølv blir alt som poppar opp vurdert og diskutert. Tankar om middagsmat og handleliste og planar for kvelden og korleis skal ein presse inn å kjøpe presang i den hektiske timeplanen. Og irriterer seg på bilen framfor og tankane spinn vidare om kor dette trafikk kaoset skal ende og kor lenge eg må stå her. Ein telefonsamtale brekker av og lar tankane strøyme i anna retning. Og vidare fløymer tankar om kva den sa og kva som låg under og kva som var meint. Gjer tankestudie av andre menneske og vurderer om dei tar seg godt ut, om bilen er bra og kva dei eig og kva dei gjer. Og tenkjer på si eiga stode og det triste i livet der kleda er umoderne og skoa gamle og pengane manglar. Og slik fortset tankestraumen i det uendelege.
Det er misforstått å tru at tanken kan forstå livet. For ingen leve livet i hovudet. Livet spring ut av hjarta. Medan tankar sperrar livet ute. Eit tanketungt sinn er tungt å bære. Kunsten er å observere tankane og la dei spaserer roleg forbi utan å gå i indre dialog med dei. Kunsten er å samle krafta slik at sinnet får kvile.