Tankestormen kjem som vindkast og angripe og invadere kropp og sinn. Eg kjenner tankane pressar på og sig inn over alt og fyller heile meg. Det prikkar i kroppen og virvla opp sinnet med uro og tanke spetakkelet spreier bevisstheten utover. Det er ein kraftprøve å gi slepp og la ting passere medan stormen feiar gjennom hovudet.

Tankar surrar om framtida og om andre sine liv og tankar om seg sjølv og tankar vrir sanninga rundt. Dei dukkar plutseleg opp når stormen rører på det emosjonelle. For ofte ligg kjensle under og gneg. Kjenner urett eller treffe såre punkt eller kjensle av å bli utnytta eller oversett. Eller ein stillteiande aksepterer på feil grunnlag. Kunsten er å uttrykke kjensla. Trykke ut orda slik at det forløyser seg over til noko anna. Slik at ein kan observere stormen som feiar gjennom hovudet utan å bli involvert. For alt tankespinnet fører oss bort frå oss sjølv. Tankar stel kraft og krefter. Og vi kjem fort i ubalanse og blir lamma viss vi ikkje forløyser tanken.

Kunsten er å samle bevisstheten, finne roen og kvile i seg sjølv. Trekke seg til side og observere og nøytralisere for at det skal gå over. Og i alle fall ikkje tillate at det tar nattesøvnen. Her er lenke til ein fin meditasjon av Mooji som er god når det stormar som verst. https://youtu.be/t2Q_YCkK0mk

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.