Tankar som kvernar og surrar og gneldrar og bit. Tankar som smyg seg gjennom kropp og sjel, som ein svart slange, og set livet på vent.
Tankar som opptar så stor plass at dei stel heile menneske. Ein kan nesten sjå det på utsida, når tankane grip fatt. Ein vil så gjerne forstå, både det som lar seg gjere å forstå og det uforståelege. Ei handlig frå i går, som kvernar og kvernar, kvifor skjedde det og kvifor vart det gjort. Og tanken fortset i det vide og brei, vil ikkje sleppe taket. Men festen frå i går kan ingen gjere om att, og kunsten er å sleppe tak i det som er forbi. Heller ikkje ord som vart sagt kan kome tilbake, eller usagte ord som manglar. Men tanken trur viss at ein får ein ny sjanse berre ein tenkjer lenge nok. Og så er det tankar om arbeid og bekymringar og spørsmål som heng i lufta og tankar om det uvisse og det som er vondt å bære. Tankane legg seg som pinnar i vegen, og byggjer seg opp til ein stor mur som ein til slutt ikkje kjem over.
Vi menneske er skapt for å tenkje, men tankar må vel vera den mest unyttige kroppsdelen vi har. Tenk for ein energisløsar det er, som ein hageslange med ei hol for kvar tanke, tusen sprutande hol, og då er det lite vatn som renn heilt gjennom. Ein vert utarma til slutt, heilt tom for energi og krefter. Det er mange unyttige tankar som dukkar opp, men kunsten er å setje dei på plass og binde fast, så dei ikkje får utfolde seg. Slå tankekverna i hel rett og slett.