Statssekretær hos Erna

Brysame Raymond i Oslo sa seg ueinig med maktapparatet. På regjeringskontoret tok dei diskré  affære for å fjerne motstanden og knekke Raymond sine meiningar. Molde-ordføraren fall på kne for statssekretæren og ein kunne lese i VG at han kritiserte leiinga i Oslo for dårleg handtering av korona situasjonen. Det er lov å vera ueinig og det er lov å meina det er skeiv fordeling av vaksinen. Men det oppsiktsvekkjande og opplysande her er arbeidsmetoden ved statsministerens kontor der vi får vite at dei påverkar media for å fremme si sak. Og Molde-ordføraren tar ei løgn for å dekke over det skulte spelet på bakrommet til statsministeren sitt kontor og sa han ikkje hadde hatt kontakt med statssekretæren. Så kom lys over saka og då la statsekretær Egseth seg flat og orsakar og trur kanskje at ting fungerer som i gamle dagar. Då var ei orsaking nok til at alt vart gløymt og spelet kunne fortsetje som før. Problemet er berre at det som fungerte før ikkje fungerer i den nye tida vi lever i no.

Ein av grunnane til mistilliten til systemet og politikarane er den skjulte agendaen. Toppen av isfjellet vi ser er nok til å vite at det er djupt ned. Erna visste ingenting om ein skal tru deira ord. Denne konkrete saken er kanskje ein triviell del av jobben til statssekretæren og berre «småting» som Erna ikkje trengte vera informert om. Eg synes det er skremmande at ingen i etterkant stiller spørsmål med arbeidsmetodane på regjeringskontoret og korleis dei trekke i trådane for korleis nyheitene skal vinklast. Eg trur ikkje det er tilfeldig at mainstream media, som vi definerer som seriøse, kjører reint løp med informasjonen om korona. Ingen motstand og få reflekterte kommentarar. Berre einspora og einsidig. Alt anna er konspirasjon. Denne litle fillesaken er berre eit arbeids uhell som kasta lys over framgangsmåten.

Kunsten er å oppdage og bli opplyst om korleis statsapparatet i vårt land fungerer.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.