Solstormar er spennande natur fenomen. Det gir fint nordlys og så kjennes det fysisk i kroppen. For min del blir eg utslått og treng meir søvn enn normalt. Du reagerer kanskje annleis eller lar det passere utan å vera bevisst. Men akkurat som sola er lik for alle så påverkar solstormen kvart einaste menneske på jorda.
Ved solstorm slynges elektrisk ladde partiklar og magnetfelt ut frå sola og treffe desse jorda vil det skape geomagnetisk indusert straum som påverkar straumnettverket vårt. Kraftlinjene taklar energien, men transformatorane er det svake leddet. Dei er kopla til jord og gjer at straumen som blir indusert i kablane går igjennom transformatorane og ut i jorda. Problemet er at transformatorane lagar vekselstraum og når solstraumen kjem inn med likestraum så kan transformatorane utvikle varme og i verste fall bli øydelagt eller svekka. Og blir mange nok kopla ut sluttar ting å fungere i samfunnet. Solstormar er ingen spøk seier teknologane. Det kan bli kaldt. Det kan blir mørkt. Mobilnettet kan svikte. Og neste solstorm kan kome snart.
Solsystemet vårt er ein bit av universet. Og det er mennesket også dersom vi trur det finnes noko større enn oss sjølv. Min forståing av menneske sin energi er at energifelt vårt er jorda til jorda og festa til himmelen. Vi er elektromagnetiske. Sola er elektrisk og jorda er magnetisk, og vi er bindeleddet mellom himmel og jord. Mellom det åndelege og naturen. Vi jorde oss for å vera i kontakt med jorda og vi går inn i hjarta for å knytte oss til det åndelege. Og når solstormane stormar i universet så hjelpe det oss å finne tilbake balansepunktet midt mellom det over og det under. Vi finn tilbake til oss sjølv. Når atmosfæren blir overfylt med kraftig energi, så kan det vera med å løfta menneska opp. Kunsten er å la solstormen balansere vårt personlege energifeltet og gjere oss lettare til sinns.