Vi står på kvar vår side av buss-skuret og ser i kvar vår retning. På bussen flakkar blikket etter ledig sete,  lengst borte frå andre. For å halde trygg avstand. På vegen strenar vi forbi kvarandre med telefonen på innerlomma og snakkar ut i lufta tilsynelatande med oss sjølv. Vi helt avstand og vi går forbi. Det minkar med småprat i samfunnet.

Å småprate om laust og fast, alt og ingenting, er ein fin måte å starte kontakt på. Det er meir enn gamal tradisjon for det er slik vi menneske er. Å ta kontakt og vise interesse for andre. Få vite korleis andre har det og kanskje utvide praten til det som rører seg under overflate. Ei livshistorie som har prega eit menneske. Sjølv overflatiske spørsmål kan grave seg djupt ned etter ei stund. Småprat mellom medmenneske kan opne nye dører og rom. Og hente heim ny lærdom om framande menneske som ligg utanfor det faste velkjente. Det strekke merksemda litt bort frå seg sjølv og gir større perspektiv på livet. Og andre impulsar.

Å opne opp for medmenneske kan utvide. Det er ikkje alle framande medmenneske er like framande når vi snakkar saman. Nye fasetter av livet dukkar opp og gir så mykje tilbake. Kunsten er å opne ein liten småprat.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.