Det var ei som såg eit raudt hjarta forma av skyer. Det hengte så tydeleg på himmelen då ho var på veg heim etter at mora hadde trekt sitt siste sukk og reist frå denne verda. Det slo ned som lyn i henne; er det mamma si siste helsing til meg? Men det vart for sterkt å tru at det var sant, og slo det bort med at det var innbilling.

Vi er så redd for å innbille oss ting fordi vi er fostra opp med at fri fantasi er ei førestelling utan grunnlag i verkelegheten. Vi vil vera med våre fulle fem og få ting bekrefta frå andre før vi trur. Tvilarar og skeptikarar har høg status i samfunnet, og det er lett å vike unna når bevis manglar. Vi trur ikkje før ein forskingsrapport frå høgare hald godkjenner sanninga. Det er lenge sidan Arne Garborg skreiv Haugtussa, men framleis trur vi det rable for ein når ein ser syner. Men det er ikkje berre syner. Det kan likegodt vera ein intuitiv tanke som slår ned. Eller ei lukt som plutseleg dukkar opp med svaret på det ein grublar på. Eg kjente plutseleg lukta til bror min og i den situasjonen forløyste det noko frå skuldrene mine. Det betyr ingenting for andre om det var rein fantasi fordi poenget er at det var ei hjelp til meg.  Kunsten er å stole på seg sjølv fordi kvar enkelt av oss er ein verden i oss sjølv. Og då hjelper det lite å prøve og finne sanninga hos andre. I desse tider når ein ikkje veit kva ein skal tru på lenger, så er det vesentlig å tru på seg sjølv.

Det er meir mellom himmel og jord enn vi har fantasi til å tenke. Og det er gjennom tankane det verkelege blir sant. Og i fantasien er alle tankar verkelege. Der er det lov å tru at eit hjarte på himmelen er ei siste helsing frå mor utan at andre kan fornekte det. Kunsten er å sleppe fantasien laus.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.