Mange er skruppellause og trør på andre med vitande vilje. Å leve utan skruplar er å mangle samvit og påføre andre smerte. Hoppar av ei søkkande skute og smyge seg unna ansvar. Eller bergar seg sjølv og kastar urett over andre. Snur kappa med vinden og snor seg rundt i nye system for å finne nye posisjonar. Vi erfarer at mange er som feittklumpen i vatnet, dei flyt alltid opp til overflata.
Skruppellause handlingar får oss til å reagere og hjarta til å banke. Betalar for ein billett ein aldri mottar eller blir misbrukt fordi ein stolar på eit menneske eller dolka i ryggen eller lide under grådige og egoistiske handlingar. Det er vondt, det er smertefullt, sinne brusar og kjensler vil ut. Etterfølgt av ei makteslaust kjensle at ingenting nyttar å gjere, det er å berre akseptere. For det er ingen hjelp å få i eit samfunn som aksepter skruppellause handlingar. Det er for lite til å bry seg om seier dei og «saka er henlagt». Samfunnet lukkar auga og lar det skure og gå meir eller mindre openlyst. Det er faktisk sosialt akseptert at menneske som utføre relativt grove handlingar sleppe unna utan konsekvensar. Og det er ganske skremmande. Men det kan aldri blir rett. Når skruppellause handlingar florerer og filtre seg inn overalt skaper det eit samfunn i oppløysing fordi slike krefter er nedbrytande og bryte ned. På avstand ser det nesten ut som det gir gevinst å brøyte seg framover med å bruke andre som pløyemaskin, men urett kan aldri bli rett.
Kunsten er å hegne om dei verdiane som skaper gode samfunn, og kjempe for det ein veit er rett. Ei lita spire inni oss fortel sanninga, og den kan ingen ta frå oss. Urett kan aldri overleve i det lange løp. Det slår tilbake ein eller annan gong. Og når mange nok lever etter sanninga som resonnerer inni oss så kan ikkje urett overleve.