Små barn sitrar av spenning når dei leikar skattejakt. Med kartet i handa spring dei tre fot fram, leitar under ein stein, finn ein ny kode med fem skritt mot venstre og så femten andre vegen. Kvart nytt teikn peikar vidare mot målet. Og så dukkar nøkkelen opp som kan opne den godt gøymde skattekista.

Nøkkelen til livet sitt skattkammer er også godt gøymd. Menneske leitar overalt frå havbotn si grunne, og ser oppover mot fjellet og leitar på fjelltoppen. Så leitar vi inn i djupe skogar. Vi jaktar på lukka og det gode liv. Men om vi strekker oss til ytterpunkta på verdskartet så er den umuleg å finne i det ytre. For nøkkelen er ikkje gøymt på utsida, den er på innsida. Det er ulike verktøy å bruke til å få kontakt med livet og skape glede i kropp og sinn. Men verktøya må ein leite opp sjølv, dei finnes ikkje på skulen eller i kyrkja eller på jobben. Men dei dukkar opp når ein leitar.

Vi har alle eit skattekammer med gull og skattar inni oss, her er svara på meininga med livet. Både glede og lys strålar ut frå dette rommet. Alt ligg i denne kista og rommar så uendeleg mykje. Å leve på overflata og utsida av livet gir liten meining. Meininga med livet er å grave seg litt djupare ned. På innsida i ein sjølv. Kunsten er å leite inni seg sjølv og finne svara.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.