Forsking konkluderer med at ferie er bra for helsa for det gir kvile og restitusjon. Og det er vel alle einige i når sommar og sol og varme foldar oss ut. Samtidig seier dei at feriekjensla berre vare ei vekes tid eller maks fire etter ferieslutt. Men er vi treng meir enn berre ein smak av ferie. Å hengje i stroppene som ein slave resten av året gir ingen glede. Det som er ganske sikkert er at utan endring vil livet fortsetje i same tralten. Trøsta er at små endringar kan gi store resultat.
Menneske er skapt for å arbeide og skaffe mat på bordet så det skal vi fortsetje med som alltid. For dei fleste er jobben både triveleg og spennande, men mange heng fast i tungrodde system der det er lett å misse seg sjølv. Å halde tempo er veldig travelt, og det er naturstridig å springe beina av seg og bli pressa oppetter veggen med tidsfristar og krav. Kunsten er å finne eit naturleg tempo. Menneske er ikkje skapt for å strekkje seg utover naturen sine lover. For den som bryt naturlovene brotnar til slutt saman. Men kunsten er å skape meir feriekjensle i kvardagen. For kjensla er noko anna enn ferie, og den kan vi uttrykke kvar dag heile året. Og hugse at arbeidet er vår læremeister for å lære og samspele med andre. Personlegdom og ego er firkanta og stivbeint, men kan mjukast opp og bli smidig og fleksibel. Mange har erfart at det er lettare å skifte jobb enn å skifte kultur på ein arbeidsplass. Å vera sann med seg sjølv og tydeleg kommunisere det ut til omverda er ei brekkstong til det betre. Og slutte å vera ein del av konfliktar på jobben og kanskje meine litt mindre. Bruke arbeidsplassen for å lære seg betre å kjenne slik at ein avdekke det ein er unikt god til. Og finne eit rom å uttrykke det i.
Alle treng ikkje skape sine eigen jobb eller ny jobb, men alle skape sitt eige liv og sin eigen kvardag. Kunsten er å skifte frå høgt tempo til flyt og fredfull harmoni der alt fell på plass i sin naturlege rytme. Kunsten er å ha ferie kvar dag.