No klagar leiinga i flyselskapet SAS si naud fordi pilotane set foten ned midt i ein vanskeleg situasjon. Men overser at dei over lang tid har sjalta og valta med pilotar og mannskap. For å redusere kostnader seier dei. Men det er forskjell på å redusere kostnader og behandle folk med respekt. I SAS og mange andre selskap er det ein respektlaus ukultur som samfunnet stillteiande aksepterer.
Ukultur kan skildrast med mange ord. Men vi veit kva det er når det stikk i hjarterota og kjenslene pressar seg ut gjennom sinne eller frustrasjon. For mange år sidan var både matbringer og bagasjehentar tilsett i selskapet, og minna går tilbake på den simple måten dei vart handsama på og etter kvart mista jobben. Vi har erfart kor utspekulerte system dei har brukt for å fråskrive seg ansvar når uventa ting skjer. Dei skjerma seg for munnleg kommunikasjon med kundane og viste til skjema. Kompliserte skjema på enkle tilbakemeldingar der eg følte hensikta var at folk skulle gi opp. Når pandemien var eit faktum og betalte flyreiser vart kansellert så hadde selskapet lite eller ingen interesse av å betale pengar tilbake. Etter stort press og langt om lenge har dei kanskje gjort opp for seg, eg veit ikkje. Og no sel selskapet mange flybillettar til fly som ikkje flyr. Alle kan akseptere ein kansellert flytur når det blir ordna opp på ryddig og reieleg måte i ettertid, men måten SAS handlar på er usmakeleg. Og så veit vi at staten med gjevne mellomrom har pøst pengar inn i selskapet, medan andre pumpar pengane ut gjennom høge lønningar og avkastning. Det kling dårleg saman med normal rettferdssans.
Det er eit usunt samfunnstrekk når ukultur får overleve. Det vi vil ha er enkle reale system der ting kjennes rettferdig og sant. Eg håpar og trur at ukultur etter kvart får konsekvensar. Det er for seint å be om nåde når grunnverdien i selskapet verken verdset tilsette eller kundar.