Så enkelt at sjølv mor kan……

Det ligg ingen fordom i overskrifta, men ganske enkelt eit uttrykk som vi brukte før når vi skulle uttrykka at det tekniske var veldig enkelt. Og det er det som er poenget. For no har vi smarte telefonar som er så intuitive og enkle å bruka at sjølv små barn får fingrane til å gå av seg sjølv.

Kanskje vi kan lære av teknologien som no er blitt så enkel at alle kan bruke den. Og så intuitiv at rettleiing for bruk er ein saga blott fordi vi berre veit korleis det fungerer. Det var vanskeleg før det blei enkelt. Slik teknologien har utvikla seg kan kanskje menneske utvikle kjenslelivet sitt. For vi menneske er her på jorda for å lære å handtere kjenslene slik at dei kjem i flyt. Kunsten er å utvikle emosjonell intelligens og forstå kjenslelivet slik at det slepper taket. Og la kjenslene gli gjennom kropp og sinn utan motstand og reaksjon og flyte fritt. For emosjon tyder i rørsle og derfor er det naturstridig at ei kjensle er innelåst eller undertrykt. Kunsten er å fjerne alle subtile lag som dekker over kjenslene og forløyse ut det som ulmar i botn. Rydde opp og reinske ut slik at det blir reint i heile registeret. Då blir kjensleenergien nøytralisert og treff ikkje såre punkt lenger. Slik kan aggresjon dunste bort og såre ømme punkter gro.

Kunsten er å få eit naturleg forhold til kjenslelivet og reagere intuitivt. Slik kroppen fungerer automatisk med lunger som pustar lufta inn og ut. Og hjarta, drivmotoren i kroppen, slår og slår med jamn takt medan menneske syslar med andre ting. Vi registrerer det, men tenkjer ikkje over det. Slik kan også emosjonelle reaksjonar fungere på autopilot og bli så enkelt at alle får det til. Verktøykassa er stor og hjelpa er nær. Tida er inne å få den emosjonelle biten til å fungere enkelt og intuitivt. Sjølv mor klarer det.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.