Livet smyge seg framover og skiftar langsam ham. Som slangen vrir seg ut av det gamle skinnet og legg det bak seg slik at det kan visne bort og bli løyst opp. Og noko nytt kan vekse fram.

Midt oppi livet liknar gårsdagen mykje på morgondagen. Det er tider når endringar skjer så gradvis at det blotte auga er blenda. Men eit gamalt foto frå yngre dagar røper sanninga. Eller endringa. Det skjedde umerka. Andre gonger skjer endringar steg for steg slik det er med overgangar frå barnehage til barneskule til ungdomskule og så vidare. Ein heldt tritt med tempoet og ser det går framover. Eller livet endrar seg plutseleg over natta når ein går til sengs om kvelden med grøne bakkar og vaknar opp til kvitt landskap morgonen etter. Naturen lar alt skje av seg sjølv på ein mirakuløs måte. Som eit frø går gjennom livssyklusen utan å løftar ein finger. Livet kan vera så enkelt som å flyte med og ta i mot det livet gir. Ein får akkurat det ein trenge når ein trenge det. Kunsten er å lære av prøvingar og testar som dukkar opp slik at ein kan avslutte runddansen og gi rom til nye sjansar og oppdagingar.

Det er endring i alt som skjer og det vil openberra seg på mange ulike måtar. Ingenting står stille. Alt er rørsle. Ein treng berre danse med livet utan motstand, og vera villig til å tillate og akseptere endring. Kunsten er å velje om livet skal vera ein runddans eller transformere seg ut i ny fridom og glede.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.