Flystreiken påverkar mange menneske på godt og vondt. Mange fleire enn berre dei som får kansellert reise. Logistikken brotnar saman, ting vert utsatt og avlyst og får konsekvensar for framande menneske. Dei som ventar besøk må justere dagen og slik ballar det på seg. Det skaper ringverkander langt utanfrå allfarveg. Å vite kor mange som er råka indirekte er umuleg å seie, men det er sannsynlegvis mange når ein reknar etter i alle ledd.
På same måte får ei lita handlingar vi sjølv gjer store ringverkander. Ikkje alltid så synleg og merkbar, men det får konsekvensar for andre. Ringar spreier seg utover. Først ei lita og nær bølgje, så utvidar den seg utover og lagar fleire bølgjer og større og større ringar og pressar seg fram til andre bølgjer og ting kryssar kvarandre på kryss og tvers. Det er ei drivande kraft som pressar seg utover og treff langt utanfor synsranda. Tenk så mykje dynamikk det er i ei lita handling. Eller i ord som vert sagt. Ein sint person fresar ut huset ei raud morgonstund og møter postmannen på vegen, og slengjer ut eit rasande fråde. Og postmannen tar i mot, og svarer tilbake og forklarer og forsvarer. Så skiljes dei og postmannen bærer bølgja i seg vidare, så når han treff kollegaene kjem noko innesperra kvalmande gørr ut. Slik bærer ein sinne frå den eine vidare til nestemann, og nestemann skjønar lite, men tar innover seg den dårlege stemning. Og slik fortset det til nokon sluttar å ta imot. Ein kjedereaksjon av negativ energi på ville vegar. Å sende ballen frå seg er å lage bølgjer rundt seg.
Ei handlingar lagar lange kjeder med samspelande krefter. Som vert overført frå den eine til den andre. Alt har ringverkander, stort eller smått, det heng saman. Kunsten er å vera bevisst kva ein sender ut. Å vera sann med seg sjølv i ord og handling er ein fin leveregel.