Apple og Google fjerna speleappen Fortnite fordi EpicGames lanserte ei betalings løysing uavhengig av Apple/Google plattforma. Eg innrømme gjerne at eg har null peiling på Fortnite og EpicGames, men ein treng ikkje vera spelar for å skjønne at det er maktovergrep å fjerne appen frå Apple plattforma fordi dei ikkje innordnar seg etter det einveldane betalingssystem. Med eit tastetrykk var den saken over og ut.
Det er det eg kallar rettslause tilstandar. Det same skjer ved oppdatering av telefonen. Å vera ueinig med vilkåra er nyttelaus. Det blir i klartekst sagt at du kan berre levere tilbake produktet dersom du ikkje aksepterer. Telefonen fungerer rett og slett ikkje og blir ubrukeleg. Brukaren er fullstendig rettslaus. Vi har etablerte rettssystem i samfunnet fordi begge partar skal få hevde sine synspunkt til ei gruppe menneske, samansett etter gitte reglar, som lyttar og avgjer saka. Slik unngår vi lovlause tilstandar. Men no har mediegigantar tatt over vår offentlege verden. Trådane strekke seg utover og nøstar kontroll over land og strand verda over. Det hjelper lite å vera president i Amerika for han har ingen myndighet over sensuren han er underlagt. Det vi ser er at dei fire mediegigantane Apple, Google, Amazon og Facebook får meir og meir kontroll og makt over demokrati og politiske styre i verden. Og det er skremmande. For det er få personar på toppen. På Facebook er det berre ein person og han har sett den moralske og etiske norma som resten av verda skal følgje. Og fjernar innlegg og bilde etter sine private reglar. Slik blir det rettslause tilstandar av.
Vi har trudd det er anarkistiske tilstandar på nettet, der alle kan sei og meine kva dei vil. Men det var før vi oppdaga nettgigantane sin kontroll og makt. Kunsten er å kaste lys over rettslause tilstandar. Og håpe alt som kjem fram i lyset kan duste bort.