Ei energi omvelting dei siste tiåra har gitt oss eit fargerikt språk om energi.  Før var det berre energi i stikk kontakten, men no brukar vi det i daglegdags tale mange gonger til dagen. Det var nokon som sa at energien førte oss saman og no fører energien oss kvar vår veg. Kva no det betyr. Og andre seier at påfyll av god energi gir stressmestring. Det betyr vel at når vi er stressa og utlada fyller vi kroppen med ny frisk energi slik vi ladar opp mobilen når den er tom. Vi har endra språket, men framleis er energi subtilt og flytande – vanskeleg å skjønne og usynleg for det blotte auga.

Kroppen inneheld både kjøtt og blod og masse energi. Energi fyller både sinn og skinn. Vi kan bli utslitt etter ein tur på eit tettpakka kjøpesenteret. Glade og oppløfta går vi inn og kjem stressa og nedstemt ut fordi rommet er fylt med lav frekvens og negativ atmosfære. Medan livsenergien omkransar så vakkert når den er rein og heil. Slik naturen er fredeleg og fyller oss med strålande lys. Minner og vonde knutar med frykt og pine og sorg og smerte set seg fast i kroppen og gir verkebyllar. Kunsten er å puste livsenergi gjennom knutane for å reinske opp og fjerne gamalt drit. Det er synleg for det blotte auga når ein eldgamal og tung kropp får ny giv og blir lealaus og ein lett energibunt.

Bevissthet om energi utvidar bevisstheten. Pusten er bindeleddet til energikjelda i livet. Tung tankeenergi stoppar tilførsel av livsenergi, medan kontakt ladar opp og gir energi.  Når menneske strålar og boblar av glede ser vi energien. Kunsten er å gjere den subtile energien meir handfast.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.