Med jamne og ujamne mellomrom dukkar spørsmålet opp om ein er på rett veg. Ting kunne sett annleis ut dersom ein fullførte ei utdanning eller gjekk ei anna studielinje eller avslutta eit forhold i tide eller hamna i eit anna omgangsmiljø eller rett og slett hadde meir bein i nasen når sjansen var der.
Ein kjenner seg bortkomen i kvardagen og lurer på kvifor alt vart som det vart. Det kan vera så mangt som får tankane til å sjå tilbake og lure på korleis livet kunne fått anna retning. På vegar som låg opne, men som ein spaserte forbi. Ting ein oversåg fordi ein ikkje visste betre. Eller oppgjer ein smaug seg unna og tok den lettvinte vegen framfor å stå oppreist i vinden. Og så er det vegar ein går om att og om att. Møter det same i dag som ein gjorde i går, og kjem ikkje av flekken. Hoppar som ein hare rundt i ring, og plutseleg ein ser rundløypa og lurer ein på om ein er på rett veg.
Alle har ein ståplass i livet, den plassen ein er festa til i dag. Det er berre ein veg, og det er den ein går no. Livet er det det er, og livet fører ein på dei vegane som til ein kvar tid er rett. Det ein i dag er bevisst og ser andre løysingar på, mangla i går bevissthet og vart som det vart. Livet handlar ikkje om å kome langt fram og opp, det er ikkje konstruert slik. Livet handlar om å opne opp dagen i dag, og bruke den godt. Kunsten er å ekspandere og utvide seg som menneske. Derfor er vegen korleis ein oppnår dette mindre viktig. Det viktigaste er at ein er på veg, eller i rørsle rettare sagt. Og at ein endrar seg i takt med livet.
Ein er alltid på rett plass i livet, for ingen veg er feil.