Storebror ser deg. Overalt. Kor du snur deg og kva du gjer. Det er webkamera på kvart eit hjørne og alle handlingar blir forfølgt av tekniske spor. Det set mange fotspor i kvardagen. Eit lite plastikk kort lagrar spor, uansett kor i verda ein er. Mobil telefonen veit nesten meir om meg enn eg veit sjølv. Og nettet er proppfull av personleg informasjon. Om meg.
Det er ei allmenn oppfatning at det er ingen fare å bli overvaka når ein ikkje har noko å skjule. Det er berre kriminelle som lid under dette, seier vi i kor. Men historia viser at sjølv gode menneske kan bli misbrukt av vonde krefter. Folk i det gamle Øst Tyskland var lidande under regimet sin kontroll og overvaking av vanlege folk. Kvar minste rørsle vart loggført og putta i store tunge arkiv, som i ettertida viste seg å innehalda kilometervis med informasjon om smått og stort over vanlege godhjarta borgarar som ana fred og ingen fare. Alt kontrollert og styrt etter regimet sin vilje og makt, og den vanlege mann vart eit hjelpelaust offer. Og no er vi alle overvaka ned til minste detalj.
Vi pulsere saman med resten av samfunnet og ingen kan stoppe den teknologiske utviklinga som rullar gjennom tida eller melde seg ut av samfunnet. Vi treng tillit for å fungere, men det har sin pris. Å gi tillit er å gjere seg sårbar. Å vera tillitsfull er ein menneskekunst, og kunsten er å verne seg sjølv slik at ein ikkje lar seg misbruke. Kunsten er å vera bevisst kva fotspor ein legg igjen etter seg. Og vera varsam kor ein trør.