Vi må halde takten og gå i takt elles kjem vi i utakt. Sånn er det når musikantane marsjere og slik er det med musikken i livet. Ein bør følgje tonen elles blir ein akterutsegla.
Vi går alle i takt dersom ein legg godviljen til og ser litt stort på det. Menneskeslekta utviklar seg i takt og vi løfter saman. Og ting fell ned til oss samtidig. Eg tenkte ein tanke og såg ei historie. Og får det bekrefta av andre som også hadde dette på sinnet. Vi er opptatt av det same, men ser frå ulike vinklar. Teknologien har utvikla seg, og mikrobølgjer snudde opp ned på måten å kommunisere på. No er alle menneska på jorda på nettet. Det fysiske har utvikla seg. Før var det berre heltane som tok turen til Mount Everest, men no er det muleg for alle mann. Og det er alle mannskost for dei som vil pine seg gjennom ein Triatlon. Bevisstheten til menneska er i full ekspansjon. For ein generasjon sidan var det knapp nokon som hadde høyrt om den sjette sansen, og ved bruk vart det sett på som trolldom. No har mange god kontakt med intuisjonen. Intuisjonen er faktisk ganske sterk hos veldig mange, og når veldig mange blir fleirtal så vil dei andre gå i utakt. Det blir som å nekte å bruke billett appen til bussen. Til sutt kan ein ikkje ta bussen fordi ein manglar kunnskap. Å jobbe som i gamle dagar fungerer ikkje lenger. Og sidan jorda har speeda opp farten så betyr ikkje gamle dagar å jobbe med øks og sag. Det betyr å jobbe etter ein lineært tidsakse med planar på ei lang rekkje og prosjekt styring etter firkanta reglar. Der gode idear vert forkasta fordi systemet er tunggrodd eller makta rår. Nye tankemåtar går litt i utakt før dei finn takten.
Kunsten er å ta i mot det nye med ope hjarta, og vera villig til å handle intuitivt og med inspirasjon. Når ein utvidar bevisstheten er ein mottakeleg til det nye rundt omkring og nye idear og nye måtar å leve på. Nye tankar blir stilt inn som eit musikk instrument blir stemt. Kunsten er å leve i takt med livet. Å stivhalde på det gamle blir fort stivbeint.