Tornerose sov i hundre år, men menneske slekta har sove mykje lenger. Etter ein lang dvale er vi no byrja å røre på oss, og er kome inn i fasen med å vakne opp. Som å vakne om morgonen med ein slumringsfase før vi er lys vakne. Vi ser nye fasetter av livet, får djupare forståing og blir ein betre versjon av oss sjølv. Vi utvidar oss som menneske.
Corona pandemien er mykje meir enn statistikkar over døde og smitta. Det handlar også om endring av bevissthet hos masse menneske. Ei kollektiv masseoppvaking der vi alle er på veg ut av tåkehavet og ser eit klart bilde over landskapet. Mange har gått i tenkeboksen med ettertank og refleksjon den siste tida. Skarpt og tydelig trer falske spel ein har spela fram. Ser feilskjær som kan rettast opp og ting som hastar å kome i gong med før det er for seint. Kanskje bytte vi ut det sjølvopptatte og egoistiske med eit meir ansvarsfullt, forpliktande og emosjonelt forhold til andre menneske. Eller bytte ut det hektiske ytre livet med meir indre ro. Dei som har lukka auga for problem i par forhold og andre relasjonar eller vore slave av jobben eller andre ting, blir innhenta no og får ein smell. Ein smell kraftig nok til å vakne og gripe fatt for å rydde opp. Og mange kjenner på frykt og uvisse for framtida. Kunsten er å gi slepp på frykta og ha tillit til at alt ordnar seg. Eg seier ikkje at alt skjer over natta, fordi vi vaknar i ulikt tempo. Og prosessar med å endre fysisk inngrodde vanar og mønster tar tid. Likevel er menneskeslekta ein organisme og ingen er kome lengre enn andre. Vi heng alle i stroppene av same bevissthet. Kunsten er å henge fast og vera kopla på kontinuerlig.
Vi ser ei ny verd med blå himmel over storbyane og fuglar som slår seg ned på strendene og hjartevarme mellom menneske og tettare bufellesskap med naboar og hjelpsame varme hender. Ein vakker dag eg trur vi med handa på hjarte kan sei at etter kaoset er jorda blitt ein betre stad å leve fordi vi alle har endra væremåte.