Vi oppdaterer ofte programvarer på telefon og datamaskin. Ofte berre små justeringar som knapt er merkbare, men vi installerer likevel siste versjon for å henge med i nye finesser. Men innimellom får vi heilt nye plattformer der alt fungerer på ukjente måtar før vi blir vant til dei. Slik Windows og Officepakken endra måten vi jobba på. Eller Iphone revolusjonerte telefonen.
Menneskeslekta sine oppdateringar skjer sakte og naturleg, og vi skjønar dei best når vi ser bakover. Den industrielle revolusjonen endra arbeidsmåtar i samfunnet og livet fekk ein ny dimensjon. Elektrisiteten lyste opp og kasta nytt lys over livet i oppdagingstida. Mikrobølgjer rulla over oss ved slutten av forrige århundre, og det var vel knapt eit menneske med fantasi nok til å sjå korleis det skulle endre verden. Ulike tidsepokar har fargar hus og heim og trendar og livsstil. Menneske har hatt stor teknologisk utvikling i det ytre, medan innvendig er vi ganske uendra. I totusen år har vi slåst som dyr og kriga mot kvarandre og levd som grådige gribbar. Den indre utviklinga til menneske skjer gjennom å utvide bevisstheten. Og vi er på veg. Og det skjer fort. Vi står på kanten til å oppleve ein revolusjonerande ny versjon av oss sjølv. Vi skal graderast opp til meir bevisste skapningar. Vi kan gjerne sei vi skal installere ein ny dimensjon i livet vårt. Og alle som vil kan vera med. Den nye versjonen av menneske er å vera meir i flyt, og det er gjennom stillhet ein blir meir flytande. Den indre roa gir næring til å stå oppreist i vår eiga kraft. Dersom ein prioriterer stillhet bort så møter ein veggen og blir fullstendig satt ut av spel og ingenting fungerer normalt lenger. For livet treng naturleg balanse. Vi blir bombardert med inntrykk frå den ytre verda derfor treng vi jorde oss fast. Naturlege prosessar skjer så gradvis at dei er vanskeleg å oppdage, men vi merkar det på at gamle væremåtar og gamle mønster sluttar å fungere. Akkurat som ei programvare sluttar å fungere etter kvart som nye versjonar tar over.
Kunsten er å leve i takt med livet slik at vi lever livet. Og reinske ut gamalt drit som emosjonelle knutar og mentalt tankespinn. Vi er alle her for å bli ein betre versjon av oss sjølv. Kunsten er å installere nye versjonar i takt med tida.