Eg synes det er så fint å stoppe litt opp ved årsskiftet, og reflektere over livet i dag og kva ein vil ha meir av eller mindre av og kva ein vil endre. Og avdekke draumar og lengsel i hjarta, som enno ikkje har sett dagens lys. Ofte rullar eit liv bort med å gjer andre ting enn det ein lengtar etter og har lyst til. Og så slår vi hendene saman kvar nyttårsaftan og er overraska kor lite merke året sette i sjela. Dagen i dag er eit levande resultat av alle val ein gjorde i går og forgår og førre år og åra før det. Livet skjer ikkje tilfeldig, men er eit resultat av bevisste og ubevisste handlingar. Med andre ord så skaper vi vår eigen realitet eller livssituasjon. Derfor er kunsten å gjera bevisst val, og det er ein god start å starte med gode forsette. Setje opp ei liste på eit ark eller boble diagram med fine fargar eller ein collage av utklipp frå eit blad. Bruke litt tid på å finne mål og meining i kvardagen, slik at ein ikkje berre virre rundt som ein blindebukk i ein vind av andre sine krav eller samfunnet sine stormar. Ein intensjon er som ei leiestjerne å navigere etter. Det er å ha noko å styre etter og strekkje seg mot. Nyttårsforsetta er ofte mest kjent for å gå i vasken og bli gjømt og glømt etter nokre veker. Men kunsten er å fokusere på intensjonen og gi den prioritet og merksemd. Og nok kraft til å bli gjennomført. Lyst og draumar er ei drivkraft for å utvide livet, og ein transformasjon mot det nye.
Vi skaper vårt eige liv, og for å skape det livet som gir glede og meining så er kunsten å ha ein intensjon.