Alt skjer raskt no for tida. Ferien forsvinn før ein får sukk for seg, og dagane er intense. Det kjennes som å bli kasta vegg i mellom ute av kontroll og styrt av andre fordi ein sjølv har mista styringa. Vi seglar berre med på bølgjer som rullar over oss.

Før gjekk ting i vante gjenger og menneskesinnet brukte lang tid på å modne fram nye haldningar og gjennomføre i praksis. Men no skjer det raskare og raskare. Det er berre to og eit halv år sidan kvalen med magen full av plast døyde. Då vakna vi opp. Vi visste og fortrengt med vitande vilje i alle år at havet er brukt som søppelbøtte, men kvalen skapte ei haldningsendring frå ord til handling. Så kom FN sin skremmande klima og miljørapport. Organisasjonen «Framtida i våre hender» prøvde for ein generasjon sidan å opplyse om konsekvensane med å misbruke jorda sine ressursar, men vi flira meir enn vi tok det alvorleg. Vi tok ikkje bodskapen inn over oss på det rette tidspunktet, men Greta Thunberg  har fått oss til å vakne opp det siste året. Før var vi berre opptatt av vår eigen lokale sommartemperatur. No skjer klimaendringar framfor auga våre, og vi skjønar at varmebølgje ein stad heng samen med is-smelting ein anna stad. Kampanje med “fem om dagen” varte i mange år,  men no skjer endring i kosthaldet nesten over natta. Det er berre eit par månader sidan kom sterke bilde av mishandling av griser, og mange fekk kjøttet i halsen. Vi hadde nok slutta å ete kjøtt på dagen hadde det ikkje vore for at det tar tid å avvende kroppen fysisk og at vi treng opplæring i å lage vegetar mat.

Det er nye tider og det gamle ramlar saman med raserfart. Alt skjer fortare i dag enn det gjorde for nokre år sidan. Robåtar og kunstig intelligens er berre i startgropa før det sannsynlegvis eksplodere som hjelpemiddel  i samfunnet. I følgje dei framsynte får vi ei teknologisk utvikling vi manglar fantasi til å skjønne. Straumen i tida er alltid vanskeleg å oppdage for tidstrendar er lettare å sjå når vi ser bakover. Kunsten er å vera bevisst undervegs for vegen blir til medan vi går.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.