Eit banesår er eit dødeleg sår. Og eg trur dei etablerte og tradisjonelle kringkastarane og avisene som folk flest støttar seg til – også kalla main stream media eller hovudstraumsmedia- har påført seg sjølv eit banesår ganske enkelt fordi truverdet er borte.
Dei har misbrukt sin tillit. Og makt. Vi oppfattar dei ikkje lenger som seriøse og pålitelege og uavhengige nyhetskjelder fordi dei manglar både djupna og analyser og objektive framstilling i mange saker. Og nyhetene er ofte samstemt og samkøyrt. Løgn eller forvridd sanning er mange gonger avslørt, derfor misser folk etterkvart tillit. Og når djupna i saken forsvinn så bryr ikkje folk seg. Folk likar å tenkje sjølv og ha si eiga meining og går derfor til andre kjelder for å finne kunnskap og informasjon. Og vi ser NRK og andre media unngår offentleg diskusjon av vesentlege samfunns endringar som for eksempel når Stortinget vedtok full overvaking av alle norske borgarar og i praksis innførte politistat bak folket sin rygg. Same tausheit har vi erfart i andre saker og. Og vi har avslørt at det ofte er kontrollert agenda for kva informasjon som skal ut. Slik oppførsel og formidling av nyheter er etter mi meining å påføre seg sjølv eit banesår.
Vi har i alle år trudd at NRK er sakleg, grundig, upartisk og til å stole på. Men når vi oppdagar at dei ikkje er det, så er dei på veg til å misse status som seriøse. Derfor trur eg hovudstraumsmedia har fått sin bane. Og NRK og dei andre tradisjonelle kanalane vil miste både makt og kontroll.