Mange gleder seg til pandemien er over og livet blir normalt igjen. Men kan livet bli normalt igjen? For det normale endrar seg i takt med oss og er berre eit flytande bilde i minnet. Etter alle solemerket så varer pandemien i to år og det er lang tid i manns minne. Det er eit mellomrom frå den dagen pandemien slo ned til det er over. Eit mellomrom som er fylt med endringar på alle bevissthets nivå i livet frå kunnskap om smitte spreiing til nye arbeidsformer til nye samværsformer til nye reisevaner til rolegare dagar til større nærleik til seg sjølv og nytt fokus på livet. Vi har utvikla oss slik vi tydeleg ser små barn utviklar seg og lærer nye ferdigheter. Etter ei stund er det fysisk umuleg å gå tilbake til det som var. Ein fireåring har vokse frå toåringen si bukse. Den passar ikkje lenger, dei gamle tidene er borte. Mellomrommet skapt av pandemien festar seg fast i kropp og bevissthet. Erfaringa slår rot. Og djupe endringar set spor. Likevel trur mange at livet skal bli som før. Normalt. Altså tilbake til det gamle. Medan realiteten er at den tida ikkje finnes lenger. Tida er i kontinuerlig rørsle og endringane skjer fort. Kunsten er å forandre seg i takt med tida elles blir ein etterlatt i det gamle. Ingenting blir normalt igjen, kvar dag er ny.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.