Vi treng bakkekontakt. Menneske treng jord under beina og skit under neglene innimellom. Kjenne korleis moder jord heldt oss på plass og gir fred. Vi har vakse bort frå det naturlege slitet som var før då ein foredla jorda for å få mat på bordet. Då klokka var bytta ut med flo og fjære, og ein visste kor landet låg. Men no har samfunnet skapt avstand til naturen. Vi manglar den naturlege kontakten og fartar kontaktlause rundt.
Det verke som naturen blir farlegare til lengre bort vi kjem frå den. Små barn blir verna mot bratte fjell og høge tre og ulent terreng med verneutstyr og reglar. Dei fleste har aldri vore svoltne eller nedkjølt. Tenk å spring i naturen frå barnsbein av. Og leike. Springe opp til vatnet, ned bakken, over steinane og opp til fjells. Og studere naturen sin kreative utfalding av ein trepinne med armar og ein flekkete sopp. Ser kva som lever og rører seg i graset og under steinen og i tua. No kjem naturen gjennom fjernsyn-skjermen i staden, der frost og sol og vind og regn bli framande naturkrefter.
Mange små barn har miste både fotfeste og balanse. Det er gjennom barna vi ser endring. Kunsten er å gå i ut i naturen og grave og lukte og kjenne jord mellom fingrane. Først då er vi ein del av naturen sin fred og kjenner sjelefred og ro i sinnet. Å få kontakt med naturen er å leve i pakt med naturen. På naturleg vis.