Naturfolk og barbie-dokker

Små barn verdsett barbiedokker etter hudfarge viser ny forsking. Dei kvite har mest verdi. Det skjedde ubevisst i leiken. Kanskje vi ser spor frå den kollektiv underbevisstheten der vi hentar «hjelp» når vi ikkje veit betre? Og når vi ser tilbake på handlingar dei kvite menneska har gjort mot andre kulturar er det grunn til å tru det ligg djupe sår i det kollektive. Referanse til forsking her  https://www.nrk.no/trondelag/skulle-observere-lek-blant-forsteklassinger-_-sa-rasisme-og-diskriminering-1.17687294

Å lese Onkel Toms hytte i barndommen gjorde sterkt inntrykk på meg. Tårene strøymde stritt for all vondskap slavane vart utsett for. Eg kjende på uretten at svarte menneske var mindre verdt enn kvite. Urfolket sine lidingar er store. Kvite menneske har tatt seg respektlaust til rette. Tatt land og tatt mat og tatt menneskeliv. Det er tragiske historier og dei har satt sine sjelespor i samfunnet. Aboriginarane i Australia vart underlagt som teneste folk til dei kvite. Og fråtatt sine barn for å fjerne nedarva visdom og ritual og kontakt med naturen. Det same skjedde i nyare tid med First Nations-folket i Canada der barn vart tvangsflytt og plassert i kvite familiar. For å fjerne dei frå natur og kultur. Indianarane i Amerika var skotne ned og landet røva frå dei. Seinare vart svarte menneske i Afrika fanga som ville dyr og frakta til Amerika. Dei vart selde på marknaden som eit fesjå. Dei vart mishandla. Og respektlaust utnytta. Det er klart slik kynisk oppførsel set djupe spor etter seg både hos over griparen og dei misbrukte. Det set seg fast i det kollektive minne vårt.

Eg trur samfunnet vårt enno kjenner etterdønningar av dei kvite menneska sine gruvsame handlingar. Vi mista respekten på vegen. Vi mista medkjensle til menneska. Vi aksepterte urett. Vi tok oss til rette og dyrka vårt eige ego. Og kanskje det aller viktigaste at vi mista kontakten med naturen. No er tida inne for å reinske opp gamle sår.

Del innlegget:

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.