Skulestreik er eit nytt uttrykk, og det har spreidd seg som virus rundt i verda også til vår eigen litle by. Små skulebarn med mot og meining viser med handling kva dei synes om ansvaret den eldre generasjon tar for moder jord. Det er berre å ta hatten av for engasjementet. Og vel er mange av barna små, faktisk ned i barneskulen, men når dei snakkar så er det med stor kunnskap og visdom. Ei bølgje av sunne naturbarn rullar over kloden vår, og ingen kraft kan stoppe ei bølgja i fart. Den vil berre auke i styrke til den får gjennomslag, og små barn kan faktisk velte gamle haldningar og væremåtar.

Men mange gamlingar tar til motmæle med finurlig retorikk eller snusfornuftig forklaring eller ganske enkelt simple kommentarar til  klimabarna. Og endå fleire trur barna er lite seriøse eller skjønar ikkje omfanget av det som skjer no. Barna seier blant anna vi må bruke berekraftig og fornybare ressursar og slutte med oljeproduksjon. «Men utan leiting går produksjonen ned» var det ein klok mann som sa med arroganse og betre vitande haldning, indirekte og underforstått at det i seg sjølv er god nok grunn til å fortsetje med leiting. Og politikarar jattar med og snakkar bort og bortforklarer, og lar ting skure og gå som før. Å avslutte oljeproduksjon er foreløpig eit uaktuelt tema. Olje er olje og så lenge pengane kling i kassen er det ingen planar om endring. Eit anna sårt punkt som treff hardt blant oss som har lært å fortene å nyte livet og forbruke meir enn det smakar, er flyreiser. Og små umyndige barn som ikkje kan reise på eiga hand vert konfrontert med at dei må slutte å reise til Thailand, og vert skuldig for at foreldra likar å lufte seg. Flyreiser er daglegdags og uunnverleg både på jobb og fritid, så det vil vi ikkje diskutere. Sånn er det berre med den saken fordi om det har aldri så egoistiske undertonar.

Eg skreiv ein blogg om klimarapporten som blei lagt fram i haust og som er opphavet til denne barnas revolusjon. Ikkje om sjølve innhaldet, men den skremmande oppdaginga at den var tatt bort frå nyheitene dagen etter den vart presentert. Men til mi store glede så grip barna fatt og fortset kampen for det dei har kjært. Takk og pris. Som eit lite barn på 12 år sa: «dersom vi ikkje handlar no så er det meir plast enn fisk i havet når eg er 47 år». Det er ord til ettertanke. Kunsten er å gi støtte til barna og ta inn over seg slagordet: Vi må gjere noko og vi må gjere det no.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.