Når gleda er einaste mangelvare…..

Å ha alt det materielle og jobb og hus og heim og sporty helse er ei glede. Men når gleda over dette manglar så blir livet fort tomt og stusseleg. Den ytre gleda er ofte kortvarig, medan den sanne glede er å ha kontakt med livsessensen. Det essensielle i livet.

Å berre leve livet i den ytre verda kan bli meiningslaust. Å smyge seg forbi stikkande kjensler for å unngå bråk fungerer ikkje lenger og skaper misnøye. Og unngår ein for lenge å gripe fatt i det essensielle i livet så kan ubalansen bli så tung at det tippar over til møte med «the dark night of the soul». For tidene innhentar oss når dei djupe tinga byrja å stikke opp til overflata. Ofte er det først når depresjonen bankar på døra at mange startar å granske sjelelivet. For depresjon reinskar sjela. Rota til smertefulle sår blir avdekka og sårbare kjensler kan strøyme ut og forløyse seg. Det er å bli betre kjent med seg sjølv og det som rører seg djupt der inne. Reisa innover krev mot og vilje for det kan vera smertefullt når grunnleggande strukturar fell saman og avslører gamle mønster. Men når det ristar i grunnvollen sleppe spenning og uro taket i kroppen, og transformerer mørke om til lyspunkt. Det er å oppleve «the bright side of the life». Og ha nærkontakt med seg sjølv.

Det er mange verktøy for å finne nøkkelen til gleda i livet, men alle må sjølv ta ansvar for å leite dei opp. Og vera villig å utføre jobben. Hjelpa er rett rundt hjørna til alle som ber om hjelp. Kunsten er å innsjå at det indre landskapet formar det ytre. Nokre gonger må ein gjere det vonde for å gjere det rette.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.