Menneskeslekta er på god veg til å vakne opp og bli meir opplyste. Vi har lidd nok no. Ei ny varm tid ventar på oss der vi er kjærlege og glade og lever fredeleg saman. Og har trua på kvarande. Tida er inne for neste utviklingstrinn hos menneskeslekta. Og endre tilstanden på jorda. Slik fastfrosen is går over til flytande vatn vil også bevisstheten endre tilstand.
Den teknologiske utviklinga har gått sin gang, men vi filosoferer framleis over same ekstensielle spørsmåla som Platon og Sokrates og Aristoteles gjorde for totusen år sidan. Men det er lite framgong å spore hos menneska. Vi slåss og krigar framleis med kvarandre som primitive dyr. Ego-et har vakse seg stort og stygt og er blitt sprikkeferdig som eit troll. Å stivhalde på gamle væremåtar som ikkje fungerer vil rakne til slutt. Å leve ekte er å vera ærleg og trufast med seg sjølv. Og det er dette menneskeslekta er på veg til å oppdage. Å finne noko større enn oss sjølv som vi er ein del av.
Mange er vakna opp og stadig fleire vaknar. Det skjer ei masseoppvakning i samfunnet. Og vinden vert sterkare og sterkare til fleire døde som vaknar til livet. Til fleire som vaknar til vansklegare vert det å fortsetje i den bevisstlause tralten. Å vera menneske er å vera seg sjølv. Menneskeslekta byrjar å bli fri. Kunsten er å vakne opp.




