Små nære ting er blitt større gjennom pandemien. Vi har i mange år reist på kryss og tvers over heile jorda, men det er eit paradoks at vi knapt kjenner naboen. Ferie i nærområdet vart ei ny oppleving, og vi ser med nye nærverande auger på det rundt oss. Å reise ut for å oppdage og kome heim for å falle til ro har alltid følgt menneske slekta.

Livet handlar likevel mest om den indre reisa. Og vera nærverande til det som rører seg på innsida. Det som lever i kroppen og blir uttrykt gjennom kroppsspråket. Kjenne etter om ansiktet ein viser i det ytre er samstemt med det indre. Og for å kjenne denne klangen må det vera nær kontakt. Mange går innover for å granske sjelelivet og reinska bort støy og spenningar og stress i kroppen. Å kaste lys på blokkeringar kan løyse opp og endre uttrykksforma til kroppen. Slik kjem ein nærare seg sjølv. Men ofte er ting rett framfor nasen utan av vi ser det. Kunsten er å ta bort sløret og være nær nok til å sjå.

Livet gir meining når vi lever i nærleik med oss sjølv. Det er ein leik. Det er å vera til stade der ein er. Kunsten er å oppdaga at ein treng ikkje gå ein centimeter for å ha store opplevingar.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.