Kanskje du er så heldig å ha fått desse orda. Og kjent kor dei varmar og støttar for å gi deg ei hjelp du treng i øyeblikket. Eller ganske enkelt ei gåve å bære med seg gjennom dagen og dagane framover. Farfar min sa ofte nåde ver med deg. Det er faktisk ein av dei tinga eg hugsar han best for. Eg kjente det var godt, men skjøna ikkje heilt tydinga.

No veit eg at det er noko som berre dalar ned over ein. Ei gåve ein får fordi ein berre er. Ingenting å bevise eller kjempe for eller vera flink eller streve etter. Det berre drysse ned. Som lette snøfnugg frå himmelen. Og skaper eit vakkert kvit landskap med lett nysnø. Alt blir lyst og vakkert og ope. For meg er det ei gåve å gå bortover på ski i eit nydekka landskap med lett snø. Då kjem kjensla av å vera heldig og lukkeleg og glad, og eg berre tar i mot medan skia glir mjukt framover. Vi har alle fått ei nådegåve i livet. Som ligg latent og ventar på å bli openberre. Det er ulike gåver til ulike menneske fordi vi alle er unike. Kunsten er å opne opp og gjere nådegåva synleg i verden, og på den måten bli autentiske og meir i tråd med seg sjølv og meininga med livet. Vi er alle ulike, men alle kan noko som fyller ut i det store og heile. Vi er unike på kvar vår måte og saman skaper vi heilskap. Men mest av alt kan vi be om nåde. Når nauda er stor, er hjelpa nær. Og hjelpande hender dukkar opp ut av det blå. Eller ein fastlåst konflikt som manglar utveg, men så kjem nøkkelen med nåde dalande ned og forløyser. Nåde er ikkje noko vi gjer oss fortente til, det berre falle over oss. Ei fantastisk gåve.

Det du ber om skal du få. Kunsten er å ta i mot nåde.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.