Pusten kom som min trufaste venn då eg såg dagens lys for første gong og anda inn livskrafta i lungene. Og eg kom inn i livet. Og sidan har han følgt meg kvart sekund på vegen og eg veit med sikkerhet at han vil fortsetje å følgje meg til siste utpust. Ein venn som aldri sviktar og støtter meg alle dagar.

Eg har endeleg skjøna at pusten er min beste venn. Men eg har tatt han for gitt, han berre er der. Og oversett han storparten av tida. Likevel transporterer han gåvmild den nødvendige lufta til kroppen sine mange celler. Medan eg ubevisst tar i mot. Slik følgjer anden meg gjennom oppturar og nedturar i livet. Og merke responsen til kropp og sinn. Blir eg forskrekka så heng pusten seg fast eit øyeblikk før den kjem tilbake til normalt gjenge. Men dersom eg ubevisst gløymer å puste ut og gje slepp, så lagrar inntrykket seg fysisk eller usynleg i kroppen. Vi får eit trykk eller merke på innsida som vi ikkje gir slepp på. Den fysiske stressrynka i panna og stive skuldrer er lette å  få auga på, medan dei subtile laga som frykt og sorg er meir usynlege. Alt som set seg fast i kroppen blokkerer den fri ferdsel for pusten. Derfor er kunsten å forløyse knutar. Og det er fantastisk at pusten er så intelligent at den kan løyse opp og fjerne stress og redsel og muskelspenning og andre skavankar som har festa seg fast. Alt som er fastlåst kan løysast opp. Det einaste pusten treng er å få fokus og bevissthet, så går resten av seg sjølv. For utan bevissthet er anden kraftlaus.

Kunsten er å ande inn den heillage livskrafta med full bevissthet. Og ta eit djupt andedrag og fokusere på pusten sin veg inn og ut av kroppen. Pusten, min beste venn, er ankeret i huset mitt. Og er også kontaktpunktet til heile verda utanfor.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.