Mens vi venter på Godot….

Men Herr Godot dukkar aldri opp, og dei to herrane i Samuel Beckett sin roman venta til ingen nytte medan tida gjekk sin gong. Slik vi ofte lar livet skure og gå og håpar ting ordnar seg. Seinare. Det er å vente på eit tog som aldri kjem.

Livet er utan lyst og glede. Meiningsløysa blir større og større medan ein ventar på toget som aldri kjem. Heng fast i relasjonar som gir ubalanse og stress, men fortset å gi tillit til tryglande ord om at ting skal endre seg. Og ventar på toget som aldri kjem. Forme og fostre frykt med å fortrenge den djupare og lengre innover. Nedover. Gjer seg sjølv liten. Lar ting vera usagt som skulle vore uttrykk. Er nedtrykt og kjempar for å halde tårene tilbake. Medan ein ventar på toget som aldri kjem. Går med tunge skritt til jobben, mistrivs og kjenner seg fanga. Blir kverna i ein organisasjon med skruppellause personar og iskalde spelereglar. I iskalde rom. Det skure og skrubbe av smerter i sjela medan ein ventar på toget som aldri kjem. Trur ting går over berre ein er tålmodig. Men toget kjem aldri.

Kunsten er å setje ned foten, ta det første steget ut mot nye tider og vera autentisk med seg sjølv. La all handling vera i harmoni og samklang med sanninga. Og la sanninga vera drivkrafta i livet. Det er å opne opp og utvide seg. Kunsten er å hoppe i det og ha tillit til livet. Stole på at universet gir støtte og ei hjelpande hand. Og at alt blir bra til slutt. For utan å ta det litle skrittet utover blir ein sitjande fast på perrongen å vente på toget medan livet passerer og ein skrumpar inn.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.