Menneska løfter i flokk. Ingen er kome lenger eller høgare enn andre for vi heng saman i ei rot med felles bevissthet. Ein felles organisme som flyt i takt. Flytande som havet smeltar vi saman. Eit hav med mange dråpar. Eit hav av bevissthet som er i kontinuerlig endring. Ein rørande prosess. Vi er alle ein del av menneskeslekta.

Men menneskesinnet, vilje og ego vil leve som små dråpar på utsida. Splitta opp i bitar utan kontakt med livet. Opprørske og urolege. Vi krigar og kjempar dyrisk for vår rett. Dolkar kvarandre i ryggen eller manipulerer oss unna sanninga eller kastar iskalde ord nedover ryggen.  Det gjer vondt langt inn i hjarterota å oppdaga kva negative energi kvalitetar vi brukar. Kor aggressive og fulle av frykt vi kan vera. Kor mykje sinne og fordøming som utløyser seg i samspel med andre. Og kor lite omsorg vi viser kvarandre. Menneskeslekta har store sår og svulmande smerte.

Tida er inne for endring, utvide bevisstheten og tenkje heilskap. Kunsten er å finne einskap i mangfaldet. Oppdage at vi alle er ein del av menneskeslekta og er avhengig av kvarandre. Som pustar i takt og støtter kvarandre og står saman som ein vegg mot frykt og vondskap. Ingen kan vera så kjærlege og fulle av glede som menneska. Lojale og tillitsfulle og snille. I nauda dukkar mange hjelpande hender opp og gir omsorg og kjærleik. Hendene er over alt og kunsten er å lyse opp så dei blir synlege. Som eit bevis for at menneskeslekta både kan og vil strekke seg mot lyset og snu ryggen til mørket. Dette er å utvide bevisstheten og vakne opp til ein ny måte å leve med det gode. Der underbevisstheten smeltar saman i djupet av havet og skaper ei fredfull og roleg overflate. Eit blikkstille hav.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.