Eg sakna lenge eit miljø for å utveksle idear og kunnskap om bildeveving, men det har vore eit tomrom der. Men plutseleg som paddehattar dukkar to nye menneske i nærområdet opp. Det er heilt utruleg. Og svært gledeleg.

Tilfeldig menneskemøte kjem inn i livet med eit bodskap eller ei hjelpande hand. Ein triviell samtale gir plutseleg ei nærande opplysning for å kome vidare med akkurat det som er fokus. Eller eit symbol eller teikn dukkar opp i naturen eller på nettet eller rundt omkring som eit svar på det ein filosoferer på. Kunsten er å observere det. Og stoppe opp og gripe fatt. For det er merkeleg korleis vi treff folk på rett tid og ting legg seg til rette, det kan umuleg vera tilfeldig. Det poppe opp og filtre seg inn i oppvakningsprosessen. Ingen treng bevise det for sånn er det berre. Livet er synkronisert og ting skjer på rett tid og gir meiningsfulle og samanfallande hendingar. Å fornekte eller haste travelt forbi er å gå i blinde. Kunsten er å opne sansane og lytte med kroppen for å ta imot livet sine innspel. Livet gir aha opplevingar når tida er inne. Det er som å pusle eit puslespel. Alle brikkene ligg opne og synleg, men den rette brikka dukkar opp når den skal. Eg har mange gonger lurt på kvifor eg oversåg små enkel ting som får alt til å falle på plass. Men svaret er kanskje så enkelt at tida ikkje var inne. Vi oppdagar livet i utakt, men er der for kvarandre for å gi innspel og svinge i takt. Kunsten er å ta i mot.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.