Før var det mange som såg fram til pandemien var over. No er den over. Og no ser mange fram til at krigen som raserer Ukraina tar slutt. Men den vil sannsynlegvis slutte på same måte som pandemien med å gli over i nye gjennomgripande hendingar i verda. For i følgje astrologien er vi er berre halvvegs i den tøffe prosessen med den største omveltinga i menneske si historie.

Vi kan sjå livet frå ulike vinklar. Enten leve utan mål og meining og ha lengsel mot det gamle. Eller ha fugleperspektiv og finne teikn på at vi er midt oppi eit kosmiske skifte for jordkloden. Der prosessen for menneska er å utvide seg frå det tunge materiell til det lyse lette. Uansett vinkling så skjer det masse endring no. Mange er rista langt inn i sjela av pandemi og krig og energikrise og matkrise, og gjennom smerte og fortviling formar ytre hendingar oss til noko nytt. Slik kan indre oppskaking føre til ytre varige forandringar i samfunnet. Vi kan vel alle med handa på hjarta sei at livet er noko anna i dag enn det var før pandemien stoppa samfunnet. Dagleglivet fungerer litt annleis, arbeidsformer har fått ny struktur og endringar har skjedd på det personlege plan. Neste masse-endring er i forhold til energi og mat og jorda sine ressurser. For når menneska står i fare for enten å fryse eller svelte i hel då vaknar dei fort opp. Maktsjuke politikarar har med vitande vilje eller totalt hovudlause skapt eit energi system der nokon kan fryse i hel medan andre blir søkkrike. Vi skjønar at noko er riv ruskande galt med prosessar og undertonane i politiske systemet. Å manipulere og bortforklare eller skulde på Putin og krig fungerer ikkje lenger. For når ubalansen blir stor nok brotnar systemet naturleg saman. Eg trur at tidene med grådig sløseri av energi og mat er over og at dei harde tidene vi no gjennomlever vil endre oss for alltid til å leve meir harmonisk med jorda sine ressursar og gåver.

Livet er kaotisk for tida og samfunnet er i store endringar. Å klamre seg til det gamle fungerer ikkje fordi det gamle er på full fart til å brotne saman. Men ingen veit korleis den nye tida skal utfalde seg for menneske har aldri opplevd dette før. Kunster er å heve oss opp til lysare tider slik at det nye kan spire og gro og vekse fram.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.