Ein må neste vera både blind og døv for å unngå å legge merke til manipulerte nyheter hos NRK og dei tradisjonelle media. Det sit langt inne å innsjå og innrømme at det skjer, men det er så synleg at det faktisk er vanskeleg å oversjå.

Kva ein meiner om Trump er uvesentleg, men alle ser han konsekvent blir framstilt negativt. Ein kan meine kva ein vil om krigen på Gazastripa, men det er enkelt å oppdaga at informasjonen er lite balansert og går i favør av Palestina. Og ein kan meine kva ein vil om pandemi og korona og vaksine, men alle skjøna at det vart einsidig framstilt. Med stålkontroll. Og i tråd med myndigheitene sitt syn. Eit anna eksempel er når USA planta informasjon – via main stream media – at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen og derfor kunne USA gå til krig. Men i ettertid har dei innrømt at det var løgn. Så det er ganske skremmande korleis NRK og andre såkalla seriøse media bringe videre politisk propaganda og skaper den historia dei vil vi skal tru. Og vi går sjølvsagt fem på for det som blir halde hemmeleg lever vi uvitande om. Eller endå verre den grove manipulasjonen når saker ganske enkelt vert utestengt frå nyhetsstraumen. Men heldigvis er det byrja å sprekke opp og når manipulasjon vert avdekka og avkledd så ser vi sanninga.

Vi har lenge visst at nyheiter blir forvridd, men vi har kanskje ikkje skjøna omfanget og djupna ennå. Og for oss som har hatt ei gamal innbarka god tru på NRK og dei andre media så krevst det vidsyn å endre oppfatning og innsjå at vi blir lurt trill rundt.

Kontakt Anne Markhus

Er du interessert i å kjøpe eit bilde, ønsker å skaffe deg boka eller har du rett og slett lyst til å slå av en prat? Eg ser frem til å høgre frå deg! Fyll ut kontaktskjemaet, send meg en e-post eller ring direkte. Du er hjarteleg velkomen til å ta kontakt.